tirsdag 24. november 2009

'Jul i Svingen'-Victoriahue er ferdig :)

So er Victoriahua ferdig.
 

Dette er hue nr 2 eg har strikka,
den første vart alt for lita.

Eg har strikka den av Superwash Ullgarn - Trysil garn,
kjøpt på Euro Pris.
23 masker pinne 3 1/2 - 4 , 10 cm.
100 meter på 50 gram.

God tråd å strikke i,
og hua er mjuk og god.

Blomsten er strikka i Alpa - Trysil garn,
også kjøpt på Euro Pris.
Blomsten er gammalrosa.

Eg har forandra litt på mønsteret.
Eg la opp 108 masker,
altså 3 mønsterrapporter meir enn i originalen.

Strikka til arbeidet målte ca 15 cm før eg begynte å felle.
Mellom dei to første fellingane strikka eg 2 ekstra omgangar,
for å gjere hua endå litt høgre.

Fordi eg hadde 108 maskar isteden for 81,
vart det igjen 18 masker etter siste felling i original-mønsteret.
Eg strikka derfor en ekstra omgang vrangt 
og så ei ekstra felle runde, *2 vrang samen*....
Så drog eg tråden til slutt gjennom dei siste 9 maskane.

Vips, FERDIG :)

fredag 20. november 2009

Hardangersøm :)

For mange år sidan sydde eg pitte litt hardangersøm.
Det var heilt på forsøkssatdiet.
Har ikkje gått kurs eller noke, berre prøvde sjøl.

Eg har leita etter det eg sydde innimellom,
men har ikkje funne det att.
Ikkje før i dag, når eg rydda i boda mi :)

Då var dei der plutselig :)

Får sjå no kva eg skal bruke det til,
trur ikkje eg hadde noken plan...

Nokre småting:



Ei bord:



Ett utsnitt av borda:




Akayahue nr 2 ferdig :)

So er Akayahue nr 2 ferdig.



Klarer ikkje heilt å bestemme meg for om den også var litt lita.
Men tuppå mi var fornøgde når ho tok den på i dag tidlig :)

Men det blir kanskje ei til etterkvart ;)
Men først ei Viktoriahue, også den frå 'Jul i Svingen'.

Begge huene:

Litt forskjell i størrelse og striper.



torsdag 19. november 2009

Konkurranse på Hannes-strikkerier :)

Det er konkurranse på bloggen Hannes-strikkerier.



Stikk innom og sjå.
Ho har en flott blogg og lagar masse fint,
so ta deg også tid til å kike gjennom den :)

Akayalue frå Jul i Svingen :)

Eg har strikka ei Akayalue.



Den skulle egentlig vere til piå mi, men vart litt for lita.
So då får det bli ei julegåve :)

Eg strikka hua etter mønster her frå Liv-Torills hobbysider.
Eg brukte restegarn som heilt klart
var litt tynnare enn det Liv-Torill brukte
derfor vart hua mi litt for lita.
Men det blir snart ei til :)
Samme garn, legger opp 12 masker til
og strikker ca 1 omgang til av kvar farge.
Då blir den nok passelig til piå mi :)

onsdag 18. november 2009

Ny hals er ferdig :)

Eg har strikka ny hals til piå mi.

Sett fra oven



Eg har også planar om å strikke hue
og vottar eller pulsvantar av samme tråd.

Eg avslutta halsen med en liten heklekant

Halsen er strikka av Lanett superwash frå SandnesGarn.
Garnet er melert i rosa/offwhite/beige-lysbrun.
31 masker, pinner nr 2 1/2 = 10 cm.

Eg har strikka halsen etter eget hode,
skal sjå om eg skriv ned mønsteret etterkvart.
Denne er i ca 5-6 års størrelse.
Halsen veg knapt 45 gram ferdig.


lørdag 14. november 2009

Ett par rosa pulsvanter

Ett nytt par pulsvantar er fedige :)


















Dette mønsteret har eg laga sjøl.
Iallefall nesten,
for flettene er vel 'funnet opp' før ;)

Nærbilde 'opp på handa'


















Nærbilde oppetter handbaken

















Skal skrive ned mønsteret og legge det inn seinare.

søndag 8. november 2009

Ett par med pulsvanter til liten 'dame'

Takka vere ei spennande cup-finale fikk eg
strikka ett par med pulsvanter til lissjepiå :)
Pinnane gikk seg nesten varme.

Eg har brukt samme mønster som i det forrige innlegget,
men har tatt vekk 2 'fletter' på 'innsida' av vantane
og so har eg strikka dei litt kortare.

No var mønsteret so innarbeidd
at eg trengte ikkje ta det fram i det heile tatt :)

fredag 6. november 2009

Pulsvantar

Har strikka meg ett par pulsvantar.
Eg har strikka dei av Superwash Ullgarn - Trysil garn,
kjøpt på Euro Pris.

Veldig greit mønster å strikke,
fikk det fort 'inn i' fingrane :)


 

Her finne du mønster til pulsvantane.
Eg har strikka dei litt kortare enn dei skal vere etter mønsteret,
10 mønsterrapportar.

mandag 2. november 2009

Nytt julehobbyblad :)

Og so e ett nytt hobbyblad kome i hus :)
Det fulgte med Norsk Ukeblad.

Har ikkje åpna det,
so kordan det er inni veit eg ikkje endå.


søndag 1. november 2009

Status på strikke-sengeteppe

 Status på mitt strikke-sengeteppe.
I dag har eg nesten ferdig lapp nr 4,
då har eg 'berre' 220 lappar igjen ;),
om teppet skal måle 14 X 16 bitar.



onsdag 28. oktober 2009

Allers julehobby i hus.

I dag har eg også kjøpt Allers der det fulgte med ett lite julehefte.

















 Det var vel ikkje all verden inni det heftet,
men litt idear og inspirasjon var der.
Samlar på alle sånne blad og kan kose meg med dei årevis :)

Norsk Ukeblad brukar vel også å 'slenge ved'
sånne hefter om julehobby og julemat.
Dei kjem vel snart dei og ;)

Utfordring.

Akkurat no blir den ikkje sendt vidare, får sjå seinare,
håpe det er greit Elin :)

Om noken skulle tru eg er blitt svensk, so er eg altså ikkje det, har nok berre kopiert teksten inn her ;)

Utfordrer 5 personer och berätta det för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga



1. Vad heter du: Mariann
2.Ett ord på 4 bokstäver: Male
3. Flicknamn: Maya
4. Pojknamn: Martin
5. Yrke: Murer
6. Färg: Mørk grønn
7. Klädesplagg: Malerfrakk
8. Mat: Muffins
9. Sak i badrummet: Mascara
10. Plats/Stad: Måløy
11. En orsak att vara sen: Må på do ;)
12. Något man skriker: Mo a ha ha
13. Film: Menn som hater kvinner
14. Något man dricker: Melk
15. Band: Mötley crüe
16. Djur: Mus
17. Gatunamn: Møllendalsveien
18. Bil: Mercedes
19. Sång: Min hatt den har tre kanter


Familiens juleblad er i hus :)

Jippi, då er julebladet frå Familien også kome i hus :)
Kjempeflott blad,
med masse inspirasjon og gode idear :)



lørdag 24. oktober 2009

Lappesaum med katedralvinduer.

Oj, oj - no startar eg på mykje nytt gitt.
Men sånn er eg, må prøve alt nytt :)

Dette er muligens endå ett nytt 'inn i evigheten' prosjekt,
håpar iallefall det :)

Denne gangen er det lappesaum, med katedralvinduer.


Det har eg aldri prøvd før.
All saum er handsaum, og det har sine fordelar det -
stille foran tv'en, og greit å ta med seg på tur,
på pauserommet på jobb,
og ellers i ledige stunder uten tilgang på symaskin :)

Eg fant mønster og beskrivelse i Familien nr 20, 28.sept-09,
patchworkskole, del 2 av 4.

Her ser en tydeligare kvadrata det er sammensydd av.


Eg trur at dette kan bli til ett teppe,
enten ett veggteppe eller ett sengeteppe.
Eg har sydd 4 kvadrater, med samme grunnfarge.
Om en syr 4 og 4 kvadrat i samme bakgrunnsfarge,
kan teppet syes sammen sånn at baksida blir i ett sjakkmønster.
Dette kan nemlig brukes på begge sider.

torsdag 22. oktober 2009

Hjerte av bjørk, pynta med einer.

Eg har laga hjerte av bjørkegreiner i dag, til ytterdøra mi.
Eg fant ei grein med V-form, med masse kvist på.
 


I mangel av streng knytta eg den sammen med hyssing.
Når eg får kjøpt meg streng blir hyssingen bytta ut.

Pynta den så med einer og en liten bukett Oktoberbergknapp.

onsdag 21. oktober 2009

Ett sengeteppe i kunststrikk - kanskje ;)

No har eg begynt å strikke, kunststrikk.
Eg har strikka mengder med duker og brikker i kunststrikk.
Den første duken strikka eg når eldstemann var liten,
altså for over 20 år sidan.

Men eg har gitt vekk det aller meste av dei,
og har aldri tatt bilde.

No har eg so smått begynt på ett 'laaaangt inni evigheten' prosjekt,
nemlig ett sengeteppe - kanskje ;)
Om det ikkje blir til ei pute då, får sjå.
For det skal settast ihop av maaange små firkantar....



So har eg kjøpt meg endå ett juleblad.
Gleder meg til piå er i seng, og kaffen er kokt -
då skal eg kose meg med bladet :)



Ha ein fin kveld :)



torsdag 15. oktober 2009

Nytt skjerf, igjen :)

 So er endå ett skjerf strikka.
Kjempekjekt å få unna litt restetråd,
og piå mi er glad for nye skjerf :)

Her var lappen frå garnet borte,
so denne er av ukjent sort.


mandag 12. oktober 2009

Skjerf og koppetvåge.

Endå meir ferdigstrikka.
Først ett skjerf som er strikka av Sorbé frå Idena.
Skjerfet vart kjempetøft,
men en litt ekkel tråd å strikke av.
Piå mi vart kjempefornøgde :)

 So var også ei koppetvåge ferdig.
Jammen får eg gjort mykje om dagane :)
Tvåga er strikka av bomullstråd som eg kjøpte på Nille,
før dei slutta å selge den.



søndag 11. oktober 2009

Babylestar med flettemønster.

 So har eg strikka ett lite, søtt lestepar
til samme guten som skal få hjelm-lua :)

Mønster fant eg her i GarnStudio - 'Drops design'.