tirsdag 4. november 2008

Juleteppet er ferdig,


No har eg sydd ferdig juleteppet
som eg og piå mi har holdt på med.
.......
Isteden for platevatt brukte eg ett fleecepledd som innleggstoff.
Det vart passe tjukt og fungerte greit i forhold til quilting.
Fleecepledd kjem eg absolutt til å bruke oftare.
På baksida av teppet har eg brodert inn
med attersting kven som har laga bildet.

Blir kjekt å henge opp bildet til jul.

Og navnet til piå mi har eg tatt bort,
det treng eg ikkje legge ut på nettet.

mandag 3. november 2008

Katt i stitchery.

So har eg prøvd stitchery og :)
Denne katten under her tegna piå mi på magnettavla si.
Eg syns den var fin og tok ett bilde som eg la inn på hagebloggen min.
.......
Tenkte ikkje meir over det før Juni tipsa meg om at eg kunne sy den.
Tusen takk for tipset Juni :)
So eg kopierte bildet over på papir og kopierte det til en stoffbit.
Og vips her er resultatet so langt :)
Eg har valgt å sy dette uten vatt under,
veit ikkje kva som vil bli finast - med eller uten.
.......
Planen er å sy ett teppe.... so får vi sjå kordan resultatet blir til slutt :)
.......
Eg sydde med 3 trådar i moulinegarn.
.......
Det var kjekt å sy stitchery.
Har iallefall ei tegnig som eldste sonen min tegna når han var liten,
som eg skal sy i stitchery.
Kanskje det kan bli ei overraskande julegåve :)

Koppetvåge.

Første koppetvåga mi ferdig :)