torsdag 30. oktober 2008

Endå meir stoff :-)

Jammen har eg fått litt stoff me ne mamma også.
So no kan eg nesten velge og vrake her :)




Vinveske.

Vinveska som eg har sydd er ferdig.
Ideen fant eg i ei Tilda julebok,
men ellers er den laga uten mønster.
Ein liten detalj på veska.

Den fell nok i smak hos mottaker,
både veska og innhold ;)

mandag 27. oktober 2008

Kaffekjellampe...

Denne lampen skal eg ikkje ta æren av....
Gubben min har laga den av en gammal kaffekjel.
No henger den so fint over vedovnen vår.
Måtte berre vise den :-)


Tjukkelestar til gubbe og pie.

No har eg strikka ferdig to par til med tjukkelestar.
Ett par til piå og ett til gubben.
Lestane til gubben har eg strikka vidare på bråt som mor hans har strikka.
Eg brukar alltid oppatt bråta for dei blir sjeldan slitne.
Men akkurat desse er litt spesielle for oss, for mor hans døde i 96.
.......
Det er minst 4. gongen eg strikkar vidare på dei.
Håpar dei held lenge.


Teppet er sydd sammen.

No har eg fått sydd sammen bitane til juleteppet vårt.
No blir det sikkert liggande litt,
for eg må få tak i vatt før eg gjer noke vidare.
Piå mi e kjempestolte, og det er eg og :)

søndag 26. oktober 2008

Siste rute til juleteppet er ferdig.

No har piå mi klipt siste engelen til teppet vårt.
Eg har nettopp sydd den på.
No skal eg begynne å sy på mellomverket.


lørdag 25. oktober 2008

Epler på en kjøkkenhandduk.

Her har eg applikert på epler på en kjøkkenhandduk.
Eg trur handduker er i lin, litt kraftig er den.
Flott som brikke på kjøkkenbenken.

Oppetne epler i eine enden,
og heile epler i den andre enden.



Litt meir stoff.

No har eg fått samla ihop det eg hadde av stoff som vart kvitt 'gammallukta',
og litt eg hadde liggandes andre plassa.
So då har eg litt å til å begynne med :-)


onsdag 22. oktober 2008

Endå fleire nye stoff :-)

I dag når eg var på Åse var eg nedom Skaar tekstil.
Dei selger mest ullstoff, men eg håpte dei hadde litt andre godbitar og.
Og det hadde dei - til 49 kr pr meter :-)
No har eg blitt eigar av 8 nye stoff :-)


Ei stjerne til juleteppet.

I går før eg la meg sydde er lapp nr 5.
No er det berre lappen med en siste engel som skal klippast/syast.
I dag vart det ikkje tid til sånne syslar.
Får sjå kordan morgondagen blir.


tirsdag 21. oktober 2008

Innkjøp av tråd og stoff :-)

I går hadde eg meg en tur inni Ørsta.
Der har dei det vi ikkje har her ut i øyå, stoffbutikk.
4 stoff vart kjøp inn.
I mårgå skal eg til Åse,
so då får eg sjå om eg finn den slags butikk på dei kantar og :-)

So hadde eg meg en tur innom Nille.
Og jammen hadde dei igjen av bomullstråden sin :-)
Ikkje det heilt store fargeutvalget,
men det vart 5 nøster mørkeblått og 3 nøster brunt - til halv pris :-).
No blir det nye tvåger i skuffa :-)



Ny lapp til juleteppe.

No har eg og piå mi laga en ny lapp.
No er 4 lappar ferdige
........
6 lappar skal vi lage på teppet - 2x3 lappar.
Det er ikkje verdt å gape for høgt heller ;)
.......
I kveld før ho la seg klipte ho ut ei ny stjerne.
Får sjå om eg rekk å sy den i kveld.
So blir det muligens en engel på den siste.
.......
Mellom lappane trur eg det blir ett lyst julestoff med gull.
Og so en raud lukkekant.


onsdag 15. oktober 2008

Strikkejakke på tvers.

Eg var innom Marits MaskeRader tidligare i kveld.
Ho holder på med ei jakke som er strikka på tvers, frå arm til arm.
.......
Denne jakka her er strikka på samme måten.
Eg har brukt mønsteret som mamma strikka jakke til meg og systå mi,
når vi var i 5-6 års-alderen.
.......
Ei enkel jakke å strikke, men litt mykje trådar å feste :)
Og kjempeenkelt å finne akkurat rett størrelse
til kva som helst slags garntype.
Berre å telle seg fram :)
.......
Dette er ei dukkejakke.
Dei har eg strikka fleire av.
Eg strikka også ei til piå mi når ho var 2 år.

Ny julebildelapp.

I dag har vi laga stjernelapp til julebildet vårt.
Ho syns at ditte e veldig kjekt
Ho fortalte i barnehagen i dag at ho holder på å sy juleteppe .
.......
I dag tegna vi stjerna bak på stoffet.
Det er det som er det enklaste.
Knappenålene er litt skumle.

Testing av signatur...

Test av signatur:


Kan dette gjerast på en enklare måte enn å legge inn koda for signatur kvar gong?
Kan koda leggast inn ein plass i bloggen?

tirsdag 14. oktober 2008

Ny rute til juleteppe.

No er rute nr 2 ferdig til juleteppet som eg og piå mi lagar
Denne gongen tegna eg av mønsteret på baksida av stoffet,
trur det hadde vorte litt for vanskelig å klippe med mønsteret berre festa med nåler.
.......
Sikker på at ingen har sett flottare engel

Juleteppe.

Eg og piå mi på 4 og ett halvt år har begynt på ett juleteppe sammen.
Vi finn ut i lag kva for figurar vi skal lage.
Eg lagar mønster og ho klipper ut figurane i stoff..
Ho er kjempeflink å klippe.
Mønsteret på dette hjertet var laga av matpapir festa med 3 knappenåler.
Til slutt syr eg dei på stoffbitar med knapphullsting.


Ho har planar om en engel og ei stjerne foreløpig.
Kanskje det blir fleire av samme sort.
Blir spennande å sjå kordan teppet blit til slutt.
.......
Stoffbitane er 19x19 cm.
Kor mange det blir til slutt veit eg ikkje endå.

Vinveske og adventsduk.

No har eg sydd rundt alle 11 hjerta på adventsduken med knapphullsting.
Var/er egentlig ikkje fornøgde med det lyse stoffet på duken.
Men her uti øyå e det ingen butikk som selger stoff i det heile tatt.
Berre gardinstoff og liknande.
.......
Eg har hatt mengder med stoff,
men når vi flytta hit vi bor no (midtvinters),
hadde eg andre ting å tenke på enn stoff -
og alt stoffet mitt vart plassert i kjellaren.
Og det hadde vore greit nok det,
om det ikkje var for ei lita snikande vannlekasje.
Som resulterte i 'gammallukt' i nesten alt stoffet mitt.
Prøvde å vaske med eddik, fryse stoffet.... og masse anna.
Det hjalp på litt, men mesteparten gikk i bosset.
.......
Og no ville eg sy og då måtte eg berre kjøpe ett stoff som var greit nok.
.......
Stoffet er sopass grovt at det flisar seg
når eg applikerar og syr rundt med knapphullsting.
.......
Duken blir sikkert fin når den blir ferdig,
den blir iallefall min :)

So har eg begynt på ei vinveske,
som eg skal gi til ei veninne uti desember en gong :)
Litt av julestoffet mitt hadde eg plassert sammen med julepynten :).
so det har eg redda.


fredag 10. oktober 2008

Adventsduk

No har eg begynt på en adventsduk.
Den blir ca 40 x 140 cm.
Har sydd sammen 3 x 13 ruter på knapt 10 x 10 cm.
Kanten rundt er ca 6 cm brei.
.......
Etterpå har eg strøket på hjerter på langs av duken med dobbelsidig vliseline.
No held eg på å sy på dei med knapphullsting.
.......
Har ikkje noke mønster, so kor duken blir som ferdig ser eg då


Tova juleduk.

Denne juleduken strikka og tova eg til jula i fjor.
Den er strikka av Artic-garn frå Euro Pris.
Kjempegodt tovegarn.

søndag 5. oktober 2008

Årets første par med tjukkelestar.

Årets første par med tjukkelestar.
Og dei er strikka til lissjepiå mi.
Eg har strikka dei i Ida kjøpt på Euro Pris.
.......
Var innom Nille for å kjøpe bomullstråd i går.
Men det hadde dei slutta å selge.
Det var synd, for den har eg brukt til å strikke koppetvåger.
Den dei har på Euro Pris består av 50 % nylon eller polyester eller noke sånt,
og kan derfor ikkje kokast. Hmmm, det var dumt altså.
Kanskje eg får bestille ett 'lass' frå Spar Kjøp.


lørdag 4. oktober 2008

Tova panneband.

No har eg strikka og tova ett panneband til lissjepiå mi.
Eg har strikka det av ett nytt garn på Nille - Rosendahl fra Gjesdal.
Det er mjukt og deilig, og klør ikkje mot huda.
.......
Det tovar kjempegodt.
Eg tova det på 60 grader sammen med ei lita bukse.
Hadde kanskje holdt med 40 garder.
Må prøve meg fram.
.......
Ellers har eg hekla ett par lappar til på slumreteppet mitt.