mandag 29. september 2008

lappetepet veks...

Det veks litt etterkvart lappeteppet mitt.
Når eg tek fram hekletøyet mitt når eg kikar på tv'en blir det fort ein lapp.
Men det teke på handledda å hekle so det helde me en i gongen.
.......
Eg har no 24 lappar - det skal bli 99

lørdag 27. september 2008

Tova påskehøne.

Og her har eg ei tova påskehøne.
So harry at den vart stilig :)


Juledekorasjon

Og so en nøttedekorasjon som også vart laga for ett par år sidan.
Eg pakkar den godt inn frå eine jula til den andre for at dei ikkje skal støve.


Dørkrans.

Ein dørkrans eg laga for ett par år sidan.
Den hang under tak, so den holdt seg fin i alt slags ruskever.


Strikka, tova julepynt.

Her legg en inn litt tova julegreir som eg laga for ett par år sidan.
Først her er ei stor tova nøtteskål.

Og ei litt mindre tova nøtteskål.

Og her er 3 tova flaskeskjulere, 2 langluenisser og en kortluenisse.





mandag 22. september 2008

Applikert og quilta vognteppe.

Dette vognteppet sydde eg til lissjepiå mi når ho var baby.
Eg applikerte fuglane og solsikkene.
Til slutt quilta eg dei.


søndag 21. september 2008

Katteteppe til lissjepiå mi.

Dette katteteppet har lissjepiå mi på rommet sitt.
Det er ho veldig glad i :)
Kattane har eg applikert på med knappholsting og quilta etterpå.


Sengeteppe i log cabin.

Sengeteppet mitt består av litt over 1000 bitar, sydd i log cabin.
Her har eg restar av gamle skjørt, gammalt sengetøy og litt anna herifrå og derifrå.
Det som er greit med lappeteknikk
er at en kan få bruke opp restar av stoff som en har liggande.
Eg hadde tenkt å fore sengeteppet med vatt,
men det var så tungt når det var ferdig sydd at det holdt
å bruke ett gammalt laken som bakstoff.



Trehylle.

Eg ville ha meg ei lita hylle i stova, men eg fant ikkje noka hylle eg ville ha.
Då var det berre å lage ei:
En plankebit, 2 hylleknektar og en bit av ei knaggrekke.
Litt lerret og litt sparkel, for der var nokre hol som måtte sparklast og tettast.
Når den var ferdig malte eg den med mørkbrun oljemaling og pussa litt her og der.
Og vips.....


lørdag 20. september 2008

Pulsvantar.

Pulsvantar har eg også strikka en del av.
Træ perlene inn på tråden før du begynner å strikke .
Det varmar utrulig godt med ett par pulsvantar på hndledda.
Både eg og lissjepiå mi brukar det mykje gjennom vinteren.





Tova veske.

Eg likar veldig godt å strikke og tove saker og ting.
Denne tova veska er pynta med ulike gamle knappar.
Eg klipper alltid av knappane på plagg eg kastar :)


Isskrapevott.

Isskrapevott var ei populær julegåve for ett par år sida.
Den er strikka og tova,
og ein får garantert ikkje naglebit med denne votten på når ein skrapar bilen.

Tjukkelestar.

Tjukkelestar strikkar eg også til familien kvar høst. Det kan bli en del lestar til en vinter.
Derfor brukar eg oppatt bråta, for dei er grusomt kjedelige å strikke og sjelden utsletne.


Dukkeklede.

Her er nokre av dei dukkekleda eg har strikka. Det har blitt ganske mykje dukkeklede etterkvart. Mesteparten av dukkekleda er i babybornstørrelse. Men også nokre som er litt større.
Dukkekleda er for det meste strikka i babyull.


Sko.

Vottar og lestar.
Topp og skjørt.

Singlet og truse.

Hue, gensar, bukse, lestar, vottar og truse.






fredag 19. september 2008

Eg holder på å lage slumreteppe...

Her er ett par lappar av slumreteppet mitt.
Teppet skal til slutt bestå av 99 lappar som eg skal hekle sammen.
Eg har hekla 22 lappar.