søndag 10. mai 2009

Heimesydd bunad :)


Til 17.mai 2007 sydde eg denne bunaden til lissjepiå mi.
Den er min aldeles frie tolkning av en Hallingbunad/stakk.
.......
Eg har ikkje hatt mønster av noke slag,
kun bilder av ulike Hallingstakker.
.......
Eg har sydd bunaden/stakken i tynt ullstoff,
både det rutete og det svarte.
Og banda eg har brukt er vevd ullband.
.......
Eg har sydd den sånn at det er rikelig med muligheter for utsying,
både i lengde og vidde.


Forkleet er sydd fast i bringekanten,
og som du ser på bildet er det kun foran.
Stakken bak.

Eg har ikkje sett bilde av caper til Hallingstakker,
men en cape er en nødvendighet.

Hua til bunaden er ei hue som går nesten fram til panneluggen.

Og veska har eg designa heilt sjøl,
for en må ha plass til litt penger og dill når en har bunad på.

No gleder eg meg til å ha på piå mi bunaden på 17.mai for 3. gang.

Eg har sydd bunadlommer til barnebunader.

No har eg sydd to lommer til kjøpte barnebunader.
Nokre av dei ferdigsydde barnebunadane har nok lommer,
men det er vel dei færraste.
.......
Tantejentene mine hadde so lyst på lommer til sine bunader,
og vips no har tante fiksa kvar si lomme :)
.......
Eg har ikkje laga sånne før,
so mønster måtte tegnast på frihand.
.......
Det første eg gjorde var å sy i glidelåset.
Starta på toppen sånn at stoffet ikkje skulle vri seg og bli skeivt.
So vrengsydde eg posen, med silkeband i sømmen.
Det er ikkje ofte eg gjer det,
men i dag har eg tråkla masse for sikkerhet skyld.
Glidelås vart også tråkla til på vranga.

Bak på lommene sydde eg på to knappar,
sånn at lommene får henge i bunden på hemper.

Dei to lommene ferdige :)