fredag 1. juli 2011

Juli-julekort til Hjerteboden's Juleblogg.

No er det sommar, og en blir meir og meir ute...
plutselig er måneden gått og julekorta nesten 
glømt.. so då var det best å få det ferdig 
heilt i starten av måneden :)

På desse korta har eg brukt litt minikakeserviettar
og blonder. stempla mine fargelegger eg rett og
slett med fargeblyantar av rimeligaste sort.
Eg er litt opptatt av at det å lage kort ikkje skal vere 
ein fryktelig dyr hobby.... for det kan det fort bli.... 
det er veeeldig lett å kjøpe........ ;))