tirsdag 24. november 2009

'Jul i Svingen'-Victoriahue er ferdig :)

So er Victoriahua ferdig.
 

Dette er hue nr 2 eg har strikka,
den første vart alt for lita.

Eg har strikka den av Superwash Ullgarn - Trysil garn,
kjøpt på Euro Pris.
23 masker pinne 3 1/2 - 4 , 10 cm.
100 meter på 50 gram.

God tråd å strikke i,
og hua er mjuk og god.

Blomsten er strikka i Alpa - Trysil garn,
også kjøpt på Euro Pris.
Blomsten er gammalrosa.

Eg har forandra litt på mønsteret.
Eg la opp 108 masker,
altså 3 mønsterrapporter meir enn i originalen.

Strikka til arbeidet målte ca 15 cm før eg begynte å felle.
Mellom dei to første fellingane strikka eg 2 ekstra omgangar,
for å gjere hua endå litt høgre.

Fordi eg hadde 108 maskar isteden for 81,
vart det igjen 18 masker etter siste felling i original-mønsteret.
Eg strikka derfor en ekstra omgang vrangt 
og så ei ekstra felle runde, *2 vrang samen*....
Så drog eg tråden til slutt gjennom dei siste 9 maskane.

Vips, FERDIG :)

fredag 20. november 2009

Hardangersøm :)

For mange år sidan sydde eg pitte litt hardangersøm.
Det var heilt på forsøkssatdiet.
Har ikkje gått kurs eller noke, berre prøvde sjøl.

Eg har leita etter det eg sydde innimellom,
men har ikkje funne det att.
Ikkje før i dag, når eg rydda i boda mi :)

Då var dei der plutselig :)

Får sjå no kva eg skal bruke det til,
trur ikkje eg hadde noken plan...

Nokre småting:



Ei bord:



Ett utsnitt av borda:




Akayahue nr 2 ferdig :)

So er Akayahue nr 2 ferdig.



Klarer ikkje heilt å bestemme meg for om den også var litt lita.
Men tuppå mi var fornøgde når ho tok den på i dag tidlig :)

Men det blir kanskje ei til etterkvart ;)
Men først ei Viktoriahue, også den frå 'Jul i Svingen'.

Begge huene:

Litt forskjell i størrelse og striper.



torsdag 19. november 2009

Konkurranse på Hannes-strikkerier :)

Det er konkurranse på bloggen Hannes-strikkerier.



Stikk innom og sjå.
Ho har en flott blogg og lagar masse fint,
so ta deg også tid til å kike gjennom den :)

Akayalue frå Jul i Svingen :)

Eg har strikka ei Akayalue.



Den skulle egentlig vere til piå mi, men vart litt for lita.
So då får det bli ei julegåve :)

Eg strikka hua etter mønster her frå Liv-Torills hobbysider.
Eg brukte restegarn som heilt klart
var litt tynnare enn det Liv-Torill brukte
derfor vart hua mi litt for lita.
Men det blir snart ei til :)
Samme garn, legger opp 12 masker til
og strikker ca 1 omgang til av kvar farge.
Då blir den nok passelig til piå mi :)

onsdag 18. november 2009

Ny hals er ferdig :)

Eg har strikka ny hals til piå mi.

Sett fra oven



Eg har også planar om å strikke hue
og vottar eller pulsvantar av samme tråd.

Eg avslutta halsen med en liten heklekant

Halsen er strikka av Lanett superwash frå SandnesGarn.
Garnet er melert i rosa/offwhite/beige-lysbrun.
31 masker, pinner nr 2 1/2 = 10 cm.

Eg har strikka halsen etter eget hode,
skal sjå om eg skriv ned mønsteret etterkvart.
Denne er i ca 5-6 års størrelse.
Halsen veg knapt 45 gram ferdig.


lørdag 14. november 2009

Ett par rosa pulsvanter

Ett nytt par pulsvantar er fedige :)


















Dette mønsteret har eg laga sjøl.
Iallefall nesten,
for flettene er vel 'funnet opp' før ;)

Nærbilde 'opp på handa'


















Nærbilde oppetter handbaken

















Skal skrive ned mønsteret og legge det inn seinare.

søndag 8. november 2009

Ett par med pulsvanter til liten 'dame'

Takka vere ei spennande cup-finale fikk eg
strikka ett par med pulsvanter til lissjepiå :)
Pinnane gikk seg nesten varme.

Eg har brukt samme mønster som i det forrige innlegget,
men har tatt vekk 2 'fletter' på 'innsida' av vantane
og so har eg strikka dei litt kortare.

No var mønsteret so innarbeidd
at eg trengte ikkje ta det fram i det heile tatt :)

fredag 6. november 2009

Pulsvantar

Har strikka meg ett par pulsvantar.
Eg har strikka dei av Superwash Ullgarn - Trysil garn,
kjøpt på Euro Pris.

Veldig greit mønster å strikke,
fikk det fort 'inn i' fingrane :)


 

Her finne du mønster til pulsvantane.
Eg har strikka dei litt kortare enn dei skal vere etter mønsteret,
10 mønsterrapportar.

mandag 2. november 2009

Nytt julehobbyblad :)

Og so e ett nytt hobbyblad kome i hus :)
Det fulgte med Norsk Ukeblad.

Har ikkje åpna det,
so kordan det er inni veit eg ikkje endå.


søndag 1. november 2009

Status på strikke-sengeteppe

 Status på mitt strikke-sengeteppe.
I dag har eg nesten ferdig lapp nr 4,
då har eg 'berre' 220 lappar igjen ;),
om teppet skal måle 14 X 16 bitar.