mandag 26. april 2010

Heklaveske ferdig :)

Tenk, so vart ikkje denne veska ein Ufo,
hadde egentlig ikkje trudd eg kom til å gjere den ferdig.





Eg har hekla den av restegarn i ulike typar bomullsgarn.
Og selvfølgelig er det fint å få bruke opp litt restar :)
Det er ikkje to ruter som er like på veska.
Eg kjem til å fore den etterkvart, og lage litt lommer i foret.
Skal bruke den til strikke/hekleveske. 
Kjekk å ha med seg på jobb :)

søndag 25. april 2010

Babyhue med havskummønster...

Har strikka ei babyhue med havskummønster.
Mønsteret fant eg i Allers 43/2005.
Strikka i TrysilGarn babygarn på pinnar nr 3.
Vekt 30 gram.

lørdag 24. april 2010

Eg har sydd russekjole til rosarussjenta mi :)

No er eg ferdig med det som har tatt 
mykje av mi tid i det siste :)
Og eg har kosa meg mens eg har holdt på.

Eg har nemlig sydd russekjole til rosarussjenta mi :)


Har ikkje hatt mønster,
og har samtidig brukt masse brukt stoff,
som feks ei bukse - som var full av fine paljetta :)


Overdelen både foran og bak
er av mi gamle bukse :)
Lommene på kjolen kjem også av i bukse.
Blonder og rosa stoff er gammalt,
so det einaste eg måtte kjøpe var litt skråband :)




Det er kjekt med dobbelsidig vliselin
når en skal stryke pynt på klede :)


I tillegg er piå mi so heldige at storebroren
er raudruss, so då fikk ho også nokre strykemerker :)

Hm, trenge eg seie at piå mi e storfornøgde med kjole ;)
Veska i forrige innlegg høyrer selvfølgelig med til kjolen :)

onsdag 21. april 2010

Eg har sydd ei veske av små ruter :)

Eg har sydd ei veske :)
Og her sydde eg først og las etterpå....
Ja ja, det vart veske til slutt...
Men ikkje akkurat sånn den egentlig skulle vere.

Denne veska er ei av april-oppgavene på 

tirsdag 13. april 2010

Eggevarmere av raggegarn.

Eg har strikka 6 stk eggevarmere av raggegarn.
Eg la opp 36 maskar på pinnar nr 3.
Vekt på alle 6: 50 gram.

mandag 5. april 2010

Strikka eggevarmarar.

Har strikka eggevarmara :)

Strikka dei av dobbelt Safirgarn.
4 stk vekt: ca 70 gram.

Ha ein fin 2. påskedag :)