søndag 31. januar 2010

Eg oppsummerer januar 2010 - produktiv måned

So har vi kome til siste dagen i januar :)
Tida går fort gitt :)

Eg har laga ei aldri so lita oppsummering 
av måneden som har gått :)
Og jammen har eg laga mykje.

 

 

Hua mi er ferdig :)

Eg har fått ferdig hua mi :)
Vekt: 63 gram.


Den er strikka av Drops Karisma.
Ett deilig garn, både å strikke av og å bruke :)

 

Kjøpte meg litt nytt garn i går :)


So hadde eg med meg nokre hefter 
for å få litt idear til kva eg kan bruke garnet til :)


No skal eg legge opp til ett par svarte pulsvantar :)

lørdag 30. januar 2010

Eg har sydd ullkjole til piå mi :)

Eg har sydd ullkjole til piå mi :)
Gjett om ho vart gla då :)

Mønsteret har eg tegna etter en kjole.
Så dette er heilt egendesign :)

Kjolen er sydd med en overlocksøm på maskin.
Men alt rosa er Ida ullgarn sydd og hekla for hand :)



 

  




 

 

torsdag 28. januar 2010

Hello-Kittyhue, pyntepulsvarmarar og maskemarkørar.

I går strikka eg ferdig ei Hello Kitty hue.



Hua er strikka i Superwash - Trysilgarn.
Ett veldig godt hue-garn :)
Strikka hua på pinnar 3, 120 maskar.
Vekt: knapt 70 gram.

Eg felte av hua ved å dele maskane i 4 like store delar,
og felle av 1 maske på kvar side av maskane i dei 4 'hjørna'.
Eg felte av kvar omgang,
sånn at toppen på hua vart nokså flat.



Feller en sånn er det viktig at hua er høg nok
før en begynner å felle.
Hello Kitty vart sydd på med maskesting.



Laga til slutt en liten dusk av fargane i hua.

Har også fått sydd sammen ett par pyntepulsvarmarar.



Kvar pulsvarmar er satt sammen av 3 små hekla 'oldemor'ruter.



Hekla rundt kanten med garnet Beo, Lanartus.

So kan eg vise fram ett par maskemarkørar eg brukar når strikkar.



Enkle å lage :)
Den eine er pynta med ei smykkeperle frå piå mi,
den andre med en knapp eg har klipt av ett gamalt plagg :)

tirsdag 26. januar 2010

Paneband i ullfilt :)

I ettermiddag har eg sydd ett panneband
i svart/mørk koksgrått ullfilt.



Eg har tegna mønster sjøl og sydd pannebandet i dobbelt ullfilt.
Har sydd det sammen med en overlocksøm på maskin.

Etterpå sydde eg rundt kantane med knapphullsøm
med rosa ullgarn.
So hekla eg rundt begge kantane med fastmasker.
Nederste kanten hekla eg en tungekant (heiter det det?).


 
Til slutt pynta eg pannebandet med å applikere på ett hjerte.



Sånne vil eg sy fleire av :)
Må finne en fin og praktisk måte å sy panneband
som passar til litt fleire størrelsar :)

mandag 25. januar 2010

Selbutøfler og buksefotpanneband :)

I går strikka eg ett par selbutøfler,
eller 'lookalike' kanskje....



Eg strikka etter ett mønster frå
Ateljé Margaretha - mønster nr 106971.

Eg strikka med tynnare tråd, tynnare pinnar og garantert for fast.
So resultatet mitt vart fast og fint,
men litt lite - ca 26-27 kanskje.
Hadde eg valgt rett garn osv, skulle dei vere 36-39 ;)

Vel vel, fine vart dei iallefall.



 



Eg sydde tilslutt dongerisolar under dei,
so vips vart solen litt meir slitesterk :)



 

I ettermiddag hadde piå mi tatt en avklipt buksefot
frå papsen si bukse på haudet :)
Ett tøft panneband :)

Med en fin heklekant vart det iallefall det :)



Heklekanten i nærbilde.



søndag 24. januar 2010

Ett nytt lommetørkleetui, denne gangen i gult...

Ett nytt lommetørkleetui :)
Denne gangen gult.
Måtte lage noke til Ett år i farger-alongen 2010 på hobbyboden.

Ha ein fin søndag :)

lørdag 23. januar 2010

Pulsvanter 'cafe au lait'

Ett par pulsvanter er ferdige :)
'Cafe au Lait' heiter dei.
Mønster fant eg her.

Eg har strikka ett par tidligare,
og dei er enkle og raske å strikke.

Har strikka dei i Ida - Trysilgarn,
26 masker på pinne 3- 3 1/2 = 10 cm.
Eg har strikka mine med pinner nr 3.

Vekt: 35 gram.

 


Paprilommetørkle-'etui'

Har sydd 4 papirlommetørkleetui.
Mønster fant eg her.
Ei lita forandring: eg klipte stoffbiten 15 x 21 cm.

Dette er sømdelen av 'Lille Rosins kalender 2010' 
 i januar på Hobbyboden. 

Veldig enkelt og raskt å sy :)



Eg har sydd uten med overlapping på toppen,



og uten overlapping på toppen.



torsdag 21. januar 2010

Ferdig med 2 par til med Hello Kitty pulsvanter :)

No har eg strikka 2 par til Hello Kitty pulsvanter :)
Dette blir veninnegaver frå piå mi :)
Tenker det slår an.
Her kan du lese om kordan du kan få/og bruke mønsteret. 



søndag 17. januar 2010

Piå mi lærer å strikke :)

Prøvde for ei lita stund sida å lære piå mi å strikke,
men då va nok ikkje motivasjonen hennar heilt på topp.
I tillegg prøvde vi med aaalt for tjukke pinnar,
so maskane vart lause og datt lett av pinnane.

I dag prøvde vi på nytt,
med pinnar nr 3 1/2 og tynn tråd.
Og ho strikka 'som berre det' :)



No sitt ho og strikkar åleine,
treng berre hjelp til 'å snu'.
Og når ho blir overivrig innimellom
må eg plukke oppatt en og annen maske ;)

Ho har ikkje fylt 6 år endå,
so eg syns ho er kjempeflink :)