onsdag 15. desember 2010

Eg har laga massevis av julekort :)

Siste dagane har eg laga julekort. maaange :)
I år blir det berre heimelaga julekort :)




onsdag 8. desember 2010

Tova hjelmhue og ett par tova tøfler.

Har strikka ett par tøfler og ei hjelmhue.

Tøflene vart tova en gong på 40 grader og passa fint,
men hua vart det litt verre med.....
Den måtte tovast en gong på 40 grader, 
en gong på 60 grader og TO!! gongar på 90 grader.
Og då var den endelg passelig og ferdig :)
Eg strikka dette av Østlandsgarn frå Nille.

Denne hua vil nok varme godt på kalde vinterdagar.
Den går godt nedi nakken :)


tirsdag 30. november 2010

Høddhue, egenkomponert - fritt etter Kari Traa-hue :)

Har strikka ei Høddhue etter ønske frå tantejenta mi.
Fikk den overrekt i gave i dag, og vart vel fornøgde med den :)
Eg har strikka den fritt etter ett bilde eg såg av ei Kari Traa-hue.
Ei grei hue å få akkurat passe lang og vid til den som skal ha den :)


mandag 22. november 2010

Blondegardiner i skapdører :)

Dette skapet var ett kjedelig trekvitt skap,
med pålimte tynne sprosser i dørglasa.
Sprossane vart fjerna og skapet vart malt for ca ett år sidan.
No har eg fått lys i skapet og gardiner i dørene :)

Ett par tjukkelestar på gamle bråt :)

Tjukkelestar er kjedelig å strikke,
men ett must om vinteren :)
Det verste er bråta....
so dei brukar eg oppatte og oppatte :)

Ett par på gamle bråt ferdig i kveld:)

onsdag 17. november 2010

2 glassunderlag, brune i dag :)

Har sydd 2 nye glass/koppeunderlag.
I dag er dei brune :)
Mønsteret er som i går: sekskant med stjerne.

tirsdag 16. november 2010

Glassunderlag, sekskant med stjerne.

Har sydd meg ett par glass/koppeunderlag.
Fant mønster her: sekskant med stjerne.

Greit å lage når en sitter i godstolen,
all søm er handsøm :)

Desse to første vart ikkje 100% nøyaktige,
men det kjeme seg det :)

søndag 14. november 2010

Ett par farsdagskort og ett par pulsvanter.

Her er mine farsdagskort :)



Eksplosjonskort.


Og ett par pulsvantar 'cafe au lait'.

lørdag 13. november 2010

Ølboksboks :)

I anledning farsdagen har eg laga ett par ølboksbokser.
Dei vart 'servert' i kveld,  passa liksom bedre en lørdagskveld 
enn en søndagsformiddag ;)

Desse er laga heilt uten mønster,
kun frå ett bilde oppi mitt hode ;)
og måla på ei ølboks :)
Veldig artige å lage,
men litt småpirk selvfølgelig :)




fredag 12. november 2010

Ett enkelt bursdagskort :)

Bursdagskort til venner av tausa mi 
blir av den litt enkle sorten :)


søndag 7. november 2010

Eg har laga ei snusboks-boks ;)

Alt kan vist lagast når en helde på med papir ;)
Fikk ideen når eg såg ett bilde av ei som hadde laga 
ett ala telyskort med snusbokser i.
Artig å lage denne boksa, og fint vart det.
Må vel vere den mest eksklusive snusboksa ever :)




Og sånn laga eg boksa.

lørdag 6. november 2010

Nytt kort, av sjølfarga papir :)

Endelig har eg fått tak i brunt blekk,
det teke si tid her i bygda......
Og når eg endelig har fått tak i det,
måtte eg prøve meg på å farge 
papiret eg skulle lage kort av :)

Klipte meg nokre bitar av ei gammal porolonmadrass,
og det funka fint å trykke ut blekket med.
Når eg først skulle farge papiret sjøl, vart det også fint 
å rive papiret kortet skulle pyntast med :)



Blomsteren har eg også laga og farga sjøl,
stansa ut nokre blomster i kvitt tegnepapir og farga.


Papiret vart også pynta med litt kobberfarga glitterlim.

torsdag 4. november 2010

Julekalender fri for julesnop gis bort :)

Tirben i 'Mitt liv mot nytt liv' gir bort en kalender heilt fri for kjøpesnop :)
Ta en tur innom bloggen hinna og sjå :)

Ett folda kort i kveld :)

Ett nytt kort har blitt trylla fram i kveld :)
Ett folda kort denne gangen.



tirsdag 2. november 2010

Kort til to 6-åringar.

Har laga kort til to 6-åringar.

pynta fyrstikkesker :)

Eg har pynta ett par fyrstikkesker.
En fin liten presang :)