tirsdag 14. oktober 2008

Vinveske og adventsduk.

No har eg sydd rundt alle 11 hjerta på adventsduken med knapphullsting.
Var/er egentlig ikkje fornøgde med det lyse stoffet på duken.
Men her uti øyå e det ingen butikk som selger stoff i det heile tatt.
Berre gardinstoff og liknande.
.......
Eg har hatt mengder med stoff,
men når vi flytta hit vi bor no (midtvinters),
hadde eg andre ting å tenke på enn stoff -
og alt stoffet mitt vart plassert i kjellaren.
Og det hadde vore greit nok det,
om det ikkje var for ei lita snikande vannlekasje.
Som resulterte i 'gammallukt' i nesten alt stoffet mitt.
Prøvde å vaske med eddik, fryse stoffet.... og masse anna.
Det hjalp på litt, men mesteparten gikk i bosset.
.......
Og no ville eg sy og då måtte eg berre kjøpe ett stoff som var greit nok.
.......
Stoffet er sopass grovt at det flisar seg
når eg applikerar og syr rundt med knapphullsting.
.......
Duken blir sikkert fin når den blir ferdig,
den blir iallefall min :)

So har eg begynt på ei vinveske,
som eg skal gi til ei veninne uti desember en gong :)
Litt av julestoffet mitt hadde eg plassert sammen med julepynten :).
so det har eg redda.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar