tirsdag 24. november 2009

'Jul i Svingen'-Victoriahue er ferdig :)

So er Victoriahua ferdig.
 

Dette er hue nr 2 eg har strikka,
den første vart alt for lita.

Eg har strikka den av Superwash Ullgarn - Trysil garn,
kjøpt på Euro Pris.
23 masker pinne 3 1/2 - 4 , 10 cm.
100 meter på 50 gram.

God tråd å strikke i,
og hua er mjuk og god.

Blomsten er strikka i Alpa - Trysil garn,
også kjøpt på Euro Pris.
Blomsten er gammalrosa.

Eg har forandra litt på mønsteret.
Eg la opp 108 masker,
altså 3 mønsterrapporter meir enn i originalen.

Strikka til arbeidet målte ca 15 cm før eg begynte å felle.
Mellom dei to første fellingane strikka eg 2 ekstra omgangar,
for å gjere hua endå litt høgre.

Fordi eg hadde 108 maskar isteden for 81,
vart det igjen 18 masker etter siste felling i original-mønsteret.
Eg strikka derfor en ekstra omgang vrangt 
og så ei ekstra felle runde, *2 vrang samen*....
Så drog eg tråden til slutt gjennom dei siste 9 maskane.

Vips, FERDIG :)

fredag 20. november 2009

Hardangersøm :)

For mange år sidan sydde eg pitte litt hardangersøm.
Det var heilt på forsøkssatdiet.
Har ikkje gått kurs eller noke, berre prøvde sjøl.

Eg har leita etter det eg sydde innimellom,
men har ikkje funne det att.
Ikkje før i dag, når eg rydda i boda mi :)

Då var dei der plutselig :)

Får sjå no kva eg skal bruke det til,
trur ikkje eg hadde noken plan...

Nokre småting:



Ei bord:



Ett utsnitt av borda:




Akayahue nr 2 ferdig :)

So er Akayahue nr 2 ferdig.



Klarer ikkje heilt å bestemme meg for om den også var litt lita.
Men tuppå mi var fornøgde når ho tok den på i dag tidlig :)

Men det blir kanskje ei til etterkvart ;)
Men først ei Viktoriahue, også den frå 'Jul i Svingen'.

Begge huene:

Litt forskjell i størrelse og striper.



torsdag 19. november 2009

Konkurranse på Hannes-strikkerier :)

Det er konkurranse på bloggen Hannes-strikkerier.



Stikk innom og sjå.
Ho har en flott blogg og lagar masse fint,
so ta deg også tid til å kike gjennom den :)

Akayalue frå Jul i Svingen :)

Eg har strikka ei Akayalue.



Den skulle egentlig vere til piå mi, men vart litt for lita.
So då får det bli ei julegåve :)

Eg strikka hua etter mønster her frå Liv-Torills hobbysider.
Eg brukte restegarn som heilt klart
var litt tynnare enn det Liv-Torill brukte
derfor vart hua mi litt for lita.
Men det blir snart ei til :)
Samme garn, legger opp 12 masker til
og strikker ca 1 omgang til av kvar farge.
Då blir den nok passelig til piå mi :)

onsdag 18. november 2009

Ny hals er ferdig :)

Eg har strikka ny hals til piå mi.

Sett fra oven



Eg har også planar om å strikke hue
og vottar eller pulsvantar av samme tråd.

Eg avslutta halsen med en liten heklekant

Halsen er strikka av Lanett superwash frå SandnesGarn.
Garnet er melert i rosa/offwhite/beige-lysbrun.
31 masker, pinner nr 2 1/2 = 10 cm.

Eg har strikka halsen etter eget hode,
skal sjå om eg skriv ned mønsteret etterkvart.
Denne er i ca 5-6 års størrelse.
Halsen veg knapt 45 gram ferdig.


lørdag 14. november 2009

Ett par rosa pulsvanter

Ett nytt par pulsvantar er fedige :)


















Dette mønsteret har eg laga sjøl.
Iallefall nesten,
for flettene er vel 'funnet opp' før ;)

Nærbilde 'opp på handa'


















Nærbilde oppetter handbaken

















Skal skrive ned mønsteret og legge det inn seinare.

søndag 8. november 2009

Ett par med pulsvanter til liten 'dame'

Takka vere ei spennande cup-finale fikk eg
strikka ett par med pulsvanter til lissjepiå :)
Pinnane gikk seg nesten varme.

Eg har brukt samme mønster som i det forrige innlegget,
men har tatt vekk 2 'fletter' på 'innsida' av vantane
og so har eg strikka dei litt kortare.

No var mønsteret so innarbeidd
at eg trengte ikkje ta det fram i det heile tatt :)

fredag 6. november 2009

Pulsvantar

Har strikka meg ett par pulsvantar.
Eg har strikka dei av Superwash Ullgarn - Trysil garn,
kjøpt på Euro Pris.

Veldig greit mønster å strikke,
fikk det fort 'inn i' fingrane :)


 

Her finne du mønster til pulsvantane.
Eg har strikka dei litt kortare enn dei skal vere etter mønsteret,
10 mønsterrapportar.

mandag 2. november 2009

Nytt julehobbyblad :)

Og so e ett nytt hobbyblad kome i hus :)
Det fulgte med Norsk Ukeblad.

Har ikkje åpna det,
so kordan det er inni veit eg ikkje endå.


søndag 1. november 2009

Status på strikke-sengeteppe

 Status på mitt strikke-sengeteppe.
I dag har eg nesten ferdig lapp nr 4,
då har eg 'berre' 220 lappar igjen ;),
om teppet skal måle 14 X 16 bitar.



onsdag 28. oktober 2009

Allers julehobby i hus.

I dag har eg også kjøpt Allers der det fulgte med ett lite julehefte.

















 Det var vel ikkje all verden inni det heftet,
men litt idear og inspirasjon var der.
Samlar på alle sånne blad og kan kose meg med dei årevis :)

Norsk Ukeblad brukar vel også å 'slenge ved'
sånne hefter om julehobby og julemat.
Dei kjem vel snart dei og ;)

Utfordring.

Akkurat no blir den ikkje sendt vidare, får sjå seinare,
håpe det er greit Elin :)

Om noken skulle tru eg er blitt svensk, so er eg altså ikkje det, har nok berre kopiert teksten inn her ;)

Utfordrer 5 personer och berätta det för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga



1. Vad heter du: Mariann
2.Ett ord på 4 bokstäver: Male
3. Flicknamn: Maya
4. Pojknamn: Martin
5. Yrke: Murer
6. Färg: Mørk grønn
7. Klädesplagg: Malerfrakk
8. Mat: Muffins
9. Sak i badrummet: Mascara
10. Plats/Stad: Måløy
11. En orsak att vara sen: Må på do ;)
12. Något man skriker: Mo a ha ha
13. Film: Menn som hater kvinner
14. Något man dricker: Melk
15. Band: Mötley crüe
16. Djur: Mus
17. Gatunamn: Møllendalsveien
18. Bil: Mercedes
19. Sång: Min hatt den har tre kanter


Familiens juleblad er i hus :)

Jippi, då er julebladet frå Familien også kome i hus :)
Kjempeflott blad,
med masse inspirasjon og gode idear :)



lørdag 24. oktober 2009

Lappesaum med katedralvinduer.

Oj, oj - no startar eg på mykje nytt gitt.
Men sånn er eg, må prøve alt nytt :)

Dette er muligens endå ett nytt 'inn i evigheten' prosjekt,
håpar iallefall det :)

Denne gangen er det lappesaum, med katedralvinduer.


Det har eg aldri prøvd før.
All saum er handsaum, og det har sine fordelar det -
stille foran tv'en, og greit å ta med seg på tur,
på pauserommet på jobb,
og ellers i ledige stunder uten tilgang på symaskin :)

Eg fant mønster og beskrivelse i Familien nr 20, 28.sept-09,
patchworkskole, del 2 av 4.

Her ser en tydeligare kvadrata det er sammensydd av.


Eg trur at dette kan bli til ett teppe,
enten ett veggteppe eller ett sengeteppe.
Eg har sydd 4 kvadrater, med samme grunnfarge.
Om en syr 4 og 4 kvadrat i samme bakgrunnsfarge,
kan teppet syes sammen sånn at baksida blir i ett sjakkmønster.
Dette kan nemlig brukes på begge sider.

torsdag 22. oktober 2009

Hjerte av bjørk, pynta med einer.

Eg har laga hjerte av bjørkegreiner i dag, til ytterdøra mi.
Eg fant ei grein med V-form, med masse kvist på.
 


I mangel av streng knytta eg den sammen med hyssing.
Når eg får kjøpt meg streng blir hyssingen bytta ut.

Pynta den så med einer og en liten bukett Oktoberbergknapp.

onsdag 21. oktober 2009

Ett sengeteppe i kunststrikk - kanskje ;)

No har eg begynt å strikke, kunststrikk.
Eg har strikka mengder med duker og brikker i kunststrikk.
Den første duken strikka eg når eldstemann var liten,
altså for over 20 år sidan.

Men eg har gitt vekk det aller meste av dei,
og har aldri tatt bilde.

No har eg so smått begynt på ett 'laaaangt inni evigheten' prosjekt,
nemlig ett sengeteppe - kanskje ;)
Om det ikkje blir til ei pute då, får sjå.
For det skal settast ihop av maaange små firkantar....



So har eg kjøpt meg endå ett juleblad.
Gleder meg til piå er i seng, og kaffen er kokt -
då skal eg kose meg med bladet :)



Ha ein fin kveld :)



torsdag 15. oktober 2009

Nytt skjerf, igjen :)

 So er endå ett skjerf strikka.
Kjempekjekt å få unna litt restetråd,
og piå mi er glad for nye skjerf :)

Her var lappen frå garnet borte,
so denne er av ukjent sort.


mandag 12. oktober 2009

Skjerf og koppetvåge.

Endå meir ferdigstrikka.
Først ett skjerf som er strikka av Sorbé frå Idena.
Skjerfet vart kjempetøft,
men en litt ekkel tråd å strikke av.
Piå mi vart kjempefornøgde :)

 So var også ei koppetvåge ferdig.
Jammen får eg gjort mykje om dagane :)
Tvåga er strikka av bomullstråd som eg kjøpte på Nille,
før dei slutta å selge den.



søndag 11. oktober 2009

Babylestar med flettemønster.

 So har eg strikka ett lite, søtt lestepar
til samme guten som skal få hjelm-lua :)

Mønster fant eg her i GarnStudio - 'Drops design'.


lørdag 10. oktober 2009

Dukkebunad og årets første julemagasin.

Når eg sydde bunaden til piå mi,
strikka eg også bunad til baby-born dukka hinna :)
Trur ikkje eg har blogga bilde av den bunaden før.

 So 'fant' eg årets første julemagasin i butikken i går :)
Og det er berre bra, so grusomt som veret har vore i sommar/haust
 er eg heilt klar for å glede meg til alt eg kan lage til jul :)


onsdag 7. oktober 2009

Restelestar og hjelmhue.

 Eg har strikka restelestar til piå mi.
Ei lita stund sida dei var ferdige,
og endelig har eg også fått festa trådane :)

Grei måte å få vekk litt smårestar på.
 
 So har eg strikka ei hjelmhue.
Den skal vere gåve til en liten gut :)

Her finnes vanvittig mange flotte, grstis mønster :)

Eg har strikka hua mi med baby-ull kjøpt på Euro-Pris.



mandag 5. oktober 2009

Hårbøyler

Har fiksa på gamle hårbøyler.
Fikk ideen til dette når eg var innom Kristin's hobbyblogg :)
 Dette var genialt,
kjekt når en slepp å kjøpe nytt om noke blir slitt eller ødelagt :)

Klipte stoffbiten diagonalt i stoffet.
So var det berre å sy for hand.

Vips to 'nye' hårbøylar :)








søndag 27. september 2009

Ei hue til og ett panneband.

No er endå ei hue strikka :)
Eg har strikka den av Ida, kjøpt på Euro Pris.

Mønster har vorte til under veis :)
Eg la opp 100 maskar på både hue og panneband.


So har eg strikka ett panneband
av resten av tråden frå hua eg strikka
i ett innlegg lenger nede.



lørdag 26. september 2009

Minlillelykke - give away.

feirer i disse dager ett års blogging.

I den anledning har hun en give away :)


torsdag 24. september 2009

Strikka hue.

Etter ett mønster eg fant i Hjemmet nr 13 i 2006
har eg strikka denne hua til piå mi :)

Den er strikka i Alpa - Trysilgarn, frå Euro Pris.
Kanten på hua er strikka med en rest av pelstråd.


tirsdag 22. september 2009

Tøfler, hekla og strikka - og tova.

2 par tøfler er klar til bruk :)
I det eine paret er kvar tøffel sydd sammen av 8 små 'oldemorruter'.
Eg har tova dei, men dei er hekla litt fast med heklenål nr 2,
so det vart minimalt med toving.
.......
Piå mi hadde håpa at ho skulle få dei ;),
men dei vart nok en voksen størrelse.
So då blir det ett par med 'besøkstøfler' :)

 Det andre paret er tøfler til gubben :)
Dei måtte 2 gongar i vaskemaskina
før dei var tova nok.
Men då blir det varme føtter til vinteren :)



torsdag 17. september 2009

Blomsterpynt på heklekjolen :)

No har heklekjolen fått blomsterpynt også,
so no er den fiks ferdig :)
 Oppskrift på heklerosene:
.......
Heklerose med 5 kronblad:
Hekle 5 lm og sett dem til 1 ring med 1 kjm.
1.omg: * 1 fm om ringen, 3 lm ,* gjenta fra *-* totalt 4 ganger 
og avslutt med 1 kjm i første fm på beg av omg = 5 lm-buer.
2.omg: Hekle slik i hver lm-bue: 1 kjm, 5 st og 1 kjm = 5 Blader.


Heklerose med 6 kronblad:
Hekle 5 lm og sett dem til 1 ring med 1 kjm.
1.omg: * 1 fm om ringen, 3 lm ,* gjenta fra *-* totalt 5 ganger 
og avslutt med 1 kjm i første fm på beg av omg = 6 lm-buer.
2.omg: Hekle slik i hver lm-bue: 1 kjm, 5 st og 1 kjm = 6 Blader.

lørdag 12. september 2009

Kjolen ferdig, med fór og heklekant :)

So er kjolen heilt ferdig :)
Skulle fore kjolen med ett brodert stoff,
hadde en liten bit liggande.
Og den var jammen liten den, den rakk ikkje til alt.
So øverst og nederst er kjolen fora med det stoffet.
Delen i midten er en del av en gammal topp eg fant i skapet :)
Dvs heilt ferdig er den vel ikkje,
skal hekle litt pynt til den - en annen dag :)

fredag 11. september 2009

Heklekjolen er ferdig... so langt :)

No har eg hekla ferdig kjolen.
No får eg sjå om eg skal hekle kantar på den.
Kjolen skal forast, får sjå med kva....
Trur det blir ett lyst stoff.

lørdag 22. august 2009

Quilt N Quilt Things har en flott GIVE AWAY

GIVE AWAY
Quilt N Quilt Things

har en kjempe flott
GIVE AWAY.
Trekning 28.8.09


Michelle`s Quilt & Stoff's give away.

GIVE AWAY

Michelle`s Quilt & Stoff
feirer 150 innlegg - hennes GIVE AWAY er denne fine ruskeposen :0)

lørdag 15. august 2009

Nokre nye stoffbitar :)

Når vi var i Sverige på mandagen på shopping i Charlottenberg,
vart det nokre nye stoffbitar på meg :)


Ellers veks heklekjolen til piå mi litt for kvar dag.
No har eg igjen berre ca 10 omganger so er den lang nok.
Etterpå er det selane som skal heklast.
Og so ørten trådar å feste før den skal syast ihop.

mandag 3. august 2009

Heklekjolen veks i ruskeveret...

Kjolen veks sakte men sikkert.
Det er bra dette ruskeveret kan brukast til noke ;)

Eg har rekt opp en del omgangar,
men når eg ikkje er heilt fornøgde
då er det bedre å rekke opp enn å irritere seg.


søndag 26. juli 2009

Heklekjole.

Hm, her sitter eg og hekler midtsommars gitt.
Og det er ikkje vanlig for å vere meg.
Det må vere veret.

Men iallefall so har eg begynt å hekle en kjole til prinsesså mi :)
Og det går fort, begynte på den på onsdag


Diagrammet eg har tegna over fargane og antall rader av kvar farge.


Her er kjolen eg har teke utgangspunkt i.
Men lik blir den ikkje.
Eg brukar annan tråd som er noke tjukkare,
og heilt andre fargar.

So får vi sjå kordan sluttresultatet blir :)

søndag 10. mai 2009

Heimesydd bunad :)


Til 17.mai 2007 sydde eg denne bunaden til lissjepiå mi.
Den er min aldeles frie tolkning av en Hallingbunad/stakk.
.......
Eg har ikkje hatt mønster av noke slag,
kun bilder av ulike Hallingstakker.
.......
Eg har sydd bunaden/stakken i tynt ullstoff,
både det rutete og det svarte.
Og banda eg har brukt er vevd ullband.
.......
Eg har sydd den sånn at det er rikelig med muligheter for utsying,
både i lengde og vidde.


Forkleet er sydd fast i bringekanten,
og som du ser på bildet er det kun foran.
Stakken bak.

Eg har ikkje sett bilde av caper til Hallingstakker,
men en cape er en nødvendighet.

Hua til bunaden er ei hue som går nesten fram til panneluggen.

Og veska har eg designa heilt sjøl,
for en må ha plass til litt penger og dill når en har bunad på.

No gleder eg meg til å ha på piå mi bunaden på 17.mai for 3. gang.

Eg har sydd bunadlommer til barnebunader.

No har eg sydd to lommer til kjøpte barnebunader.
Nokre av dei ferdigsydde barnebunadane har nok lommer,
men det er vel dei færraste.
.......
Tantejentene mine hadde so lyst på lommer til sine bunader,
og vips no har tante fiksa kvar si lomme :)
.......
Eg har ikkje laga sånne før,
so mønster måtte tegnast på frihand.
.......
Det første eg gjorde var å sy i glidelåset.
Starta på toppen sånn at stoffet ikkje skulle vri seg og bli skeivt.
So vrengsydde eg posen, med silkeband i sømmen.
Det er ikkje ofte eg gjer det,
men i dag har eg tråkla masse for sikkerhet skyld.
Glidelås vart også tråkla til på vranga.

Bak på lommene sydde eg på to knappar,
sånn at lommene får henge i bunden på hemper.

Dei to lommene ferdige :)

søndag 5. april 2009

Litt nytt påskestæsj

Strikka og tova smådill til påske.
Pynten til påske er ikkje overdådig akkurat.
Men litt pynt på kjøkkenbordet må en ha.
.......
God Påske.



torsdag 19. mars 2009

Barbiegenser.

So har eg strikka en barbiegenser.
I patentstrikk, og det var faktisk ganske kjedelig.
Å heile tida skulle strikke nedi masken under
var ikkje noke særlig.
.......
Blir ikkje noke meir patentstrikk på meg om eg ikkje må ;)
.......
Men, gensaren vart no fin den :)


tirsdag 10. mars 2009

2 par med tova ulltøfler.

To par tøfler er ferdige,
ett til meg og ett til lissjepiå.
Tøflene er strikka i MorÅsegarn, ullgarn kjøpt på Rema.
Godt garn å tove av :)
.......
Dei var raske å strikke,
so her blir det fleire par.
Både til gubben, i herremodell ;-)
og nokre par til besøkande som ikkje likar golvtrekk ;)

søndag 22. februar 2009

Endelig har Ken også fått klede.

No har endelig Ken også fått seg klede.
Ho har masa fælt på at eg måtte strikke til han og.

So har det blitt ein ny kjole til.



torsdag 19. februar 2009

Ullbuksa måtte forlengast :-)

Ullbuksa vart strikka for ett par år sidan, lang og god.
Men no måtte den få lengre bein.
Eg strikka den frå livet og ned,
sånn at det var ei enkel sak å klippe av og forlenge.
.......
Piå mi fikk velge fargen,
og sånn vart det :)


søndag 15. februar 2009

Rosa kjole.

En rosa høghalsa kjole er ferdig.
Det finnes so utrulig mange oppskrifter av barbiedukkeklede.
So endå blir det nok maaange til.
Og av ett nøste babyull får en strikka massevis :-)
Piå mi blir berre gla ho.
.......
Har med litt av sommaren i bilda,
lengtar etter den varme årstida no.


lørdag 14. februar 2009

Barbiedukkeklede og photoscape.

Her går det fortsatt i strikk av barbiedukkeklede :)
Likar også godt å ta bilder og redigere desse.
Photoscape er ett fint program å bruke til dette.
Lærer litt meir kvar dag om kordan eg skal bruke det.
.......
Her er bikinien på plass,
då er det berre å vente på sol og sommar


Ett nytt antrekk er oså ferdig,
jakke, topp og skjørt.

Likar godt å ta bilde,
og å sette sammen fleire bilder.



onsdag 11. februar 2009

Gjett ka... meir barbieklede :-)

Endå fleire barbieklede.
Litt til piå mi,
og litt til å gi bort som gaver :)

lørdag 7. februar 2009

4 halsar er ferdige.

No har eg strikka 4 halsar.
Strikking e ett fantastisk handarbeid.
Det tar eg fram på venterom, på ferjer, når eg ser på tv.
Eller når eg har ein pause i dagens gjeremål.
.......
Eg har alltid ett strikk i veska :)

2 nye barbieantrekk.

2 nye antrekk til barbiedukkene.
Samtidig leikar eg meg litt på photoscape
når eg setter sammen bilda.


tirsdag 3. februar 2009

Strikka barbiedukkeklede.

Eg har fått dilla på å strikke klede til barbiedukker.

Godt at piå mi elskar å leike med dei :-)

Til no har det vorte 4 antrekk.





Her finnes vanvittige mengder med møster:

Berre ta en titt.

'Knevarmarar-pyntarar' med perler.

Har vore aktiv på handarbeidsfronten i det siste,
men desto mindre aktiv på nettet.
Her har eg strikka 'knevarmarar-pyntarar'.
Dei rekk berre så vidt nedi støvletten.
Dei både pyntar og varmar.
So var dei kjempekjappe å strikke,
dei er berre ca 15 cm høge.
Og mønster, nei -
ide av eige haud ;-)



onsdag 21. januar 2009

Restelestar og en hals til.

En hals til er strikka.
Det er jammen fort gjort å strikke en sånn hals gitt :)
Denne blir bursdagsgave til ei pie i mårgå.

So har eg strikka ett par tjukkelestar av restegarn.
Kjekt å få brukt opp restane.