lørdag 5. november 2011

Endelig system på stempela mine :)

Endelig har eg fått til ett godt system
på stempela mine. Dei har lagt litt hulter til 
bulter. Og det har vore litt kavete med å leite
fram akkurat dei stempela eg skulle bruke.


Men no er det slutt på det rotet. Har kjøpt 
meg en perm, skilleark av plast og plastlommer.
Har sortert stempela etter type, og festa dei på
skillearka og lagt skillearka nedi plastlommer.



Og inni permen med dei. So har eg skrevet 
ei oversikt over kva for stempel eg har,


og kvar dei er plassert i permen. So no blir det 
lettare å finne fram stempela eg skal bruke c",)

1 kommentar:

  1. Sikke en fin orden. Du har vel nok mange stempler!

    SvarSlett