søndag 10. mai 2009

Eg har sydd bunadlommer til barnebunader.

No har eg sydd to lommer til kjøpte barnebunader.
Nokre av dei ferdigsydde barnebunadane har nok lommer,
men det er vel dei færraste.
.......
Tantejentene mine hadde so lyst på lommer til sine bunader,
og vips no har tante fiksa kvar si lomme :)
.......
Eg har ikkje laga sånne før,
so mønster måtte tegnast på frihand.
.......
Det første eg gjorde var å sy i glidelåset.
Starta på toppen sånn at stoffet ikkje skulle vri seg og bli skeivt.
So vrengsydde eg posen, med silkeband i sømmen.
Det er ikkje ofte eg gjer det,
men i dag har eg tråkla masse for sikkerhet skyld.
Glidelås vart også tråkla til på vranga.

Bak på lommene sydde eg på to knappar,
sånn at lommene får henge i bunden på hemper.

Dei to lommene ferdige :)

1 kommentar: