mandag 3. november 2008

Katt i stitchery.

So har eg prøvd stitchery og :)
Denne katten under her tegna piå mi på magnettavla si.
Eg syns den var fin og tok ett bilde som eg la inn på hagebloggen min.
.......
Tenkte ikkje meir over det før Juni tipsa meg om at eg kunne sy den.
Tusen takk for tipset Juni :)
So eg kopierte bildet over på papir og kopierte det til en stoffbit.
Og vips her er resultatet so langt :)
Eg har valgt å sy dette uten vatt under,
veit ikkje kva som vil bli finast - med eller uten.
.......
Planen er å sy ett teppe.... so får vi sjå kordan resultatet blir til slutt :)
.......
Eg sydde med 3 trådar i moulinegarn.
.......
Det var kjekt å sy stitchery.
Har iallefall ei tegnig som eldste sonen min tegna når han var liten,
som eg skal sy i stitchery.
Kanskje det kan bli ei overraskande julegåve :)

2 kommentarer:

  1. Stitchery er gøy :)
    Eg anbefaler å sy med vatt under, så slepp du at stoffet dreg seg saman når du syr.
    Kul katt, det motivet kan du bruke til mykje artig!

    SvarSlett