lørdag 26. februar 2011

Godtepose/bordkort :)

Har laga kombinert godtepose bordkort 
til bursdagsprinsessa mi sitt selskap :)

fredag 25. februar 2011

mandag 21. februar 2011

søndag 20. februar 2011

Komme i gang med scrapping, kva treng du???

Eg var sjøl en uerfaren scrapper for vel 4 måneder sidan.
Skulle berre lage ett kort for å vise meg sjøl og andre at
dette faktisk ikkje var noke for meg. 
At det ikkje var kjekt i det heile tatt. Ja, so feil kan en ta ;)))))

For dette var so absolutt noke for meg, 
eg er bitt av basillen, og alvorlig angrepet :)

Men kva treng en for å begynne med denne hobbyen.
det finnes so masse å velge i......
Det finnes rimelige saker og det finnes dyrere saker.

Eg skal ut frå mitt ståsted prøve å hjelpe til litt.... med kva som 
kan vere fint å ha for å finne ut om dette er en hobby du vil like.
Og ja, en kan lett bli revet med og kjøpe kjøpe kjøpe...
for en trur en vil trenge alt en ser og litt til ;))))

Skjerematte, skalpell, tapetkniv, linjal (helst av metall) å skjere 
etter og ei spiss saks til å klippe små detaljar. Alt dette 
fikk eg i en pakke på Euro pris for under 100 kroner.
En pinsett til å fjerne baksida av dobbeltsidig tape.
Du kan også bruke fingrane, men det er ikkje alltid like lett.
Denne som eg har er kjempegod, og kjøpt på Nille - 
trur det var under 50 kr.


Dobbeldtsidigtape er ett must. Det trengs for å lime detaljar
på korta. Har prøvd med vanlig lim, men papiret krøllar seg lett.

Du kan kjøpe sånn tape på hobbybutikkar/bokhandlar...
og betale litt ekstra..... Den breie er kjøpt på Nille, rimelig.....
det må litt klipping til, men det går fint. Det finnes også
dobbeltsidigtape på BilTema. Til små detaljar er det greit
med en roller (bilde til venstre) Eller til detaljar som må vere
heilt nøyaktig i kantane er det  greit med smalere taperuller. 


En treng også puter med dobbeltsidigtape,
for å lime på detaljar og bilder som en vil ha i '3 D'.
Det rimeligaste alternativet eg har funne er på Nille.
Øverste bildet her er runde puter, men den finnes 
også i små runde puter, små og store firkanta.

Eller du kjøpe dei på rull og klippe til sjøl.
Då er det billigast å kjøpe på feks Bygg Mix 
isteden for å kjøpe på hobbybutikkar og bokhandlar.


Som basis i korta brukar eg mykje skisseblokkersom eg har
kjøpt på Nille. Dei er rimelige og i kraftig godt tegnepapir.
Når en har prøvd ut litt og lært litt meir, kan en kjøpe
anna kartong. Og fargelegging av feks stempeltrykk,
kan fint gjerast med vanlige fargeblyantar. Eg har hittil brukt kun
det til å fargelegge med. 24 stk til 40 kr :)


Når en brukar kvit kartong kan det vere fint å farge
korta med en farge som matchar det andre du skal pynte kortet med.
Det finnes masse stempelputer på feks Notabene, til 35 kr pr stk,
det er den billigaste varianten eg har funne.
Eg fargar kantane på korta med svamp - som er avklipte bitar
av ei gammal madrass. Kjøp ikkje dyre svampar,
resultatet blir ikkje nødvendigvis bedre av den grunn :)


Litt band kan vere kjekt å ha.
Dei øverste fant eg på Rema like før jul, og prisen på dei var under
halve prisen i forhold til div bokhandlar.
Nille har også massevis av band med div pynt på (nederste bildet).
Dei kostar 39,50 pr rull. 20-30 kr mindre 
enn samme type på bokhandlar og hobbybutikkar.


Eg samlar på alt av små ekser som feks after eight, hanskeesker
osv. Desse kan kles med papir og lages kort av :)
Også merkelappar på klede samlar eg på. Dekk med papir og pynt
og feste dei på kort. 'Alt' kan brukes, og det finn en ut etterkvart 
som en blir meir 'dreven' i hobbyen :)


Spør på ei tapetforretning om dei har 'bøker' med
utgådde tapetprøver. Dei blir kasta uansett,
so då er det bedre at 'vi' dekorerar kort med dei :)
Berre i ei 'bok' er variasjonane i mønster og fargar store, 
og du finn tapet som matchar :)


So er det greit å oppbevare ting og tang på en skikkelig måte.
Eg starta med plastposar, og tru meg, det vart fort kaos ;)
Spør på en skobutikk om dei har tomme skoesker.
Veldig greit å bruke til å oppbevare papir, og anna dill :)
Finnes i massevis av størrelsa dei :)


Ett rimelig verktøyskrin kan også vere kjekt å ha til 
det verktøyet du etterkvart vil kjøpe :)


Ett blad som er veldig bra;
masse bilder, malar og inspirasjon er 'Ett trykk'.
Det kostar 120 kroner på Narvesen og kjem ut kvar 3. måned.
Ellers finn du masse flott på nettet om du søker på scrapping..


papirgleder finn du massevis av malar og inspirasjon :)

Stempel kan også vere kjekt å ha....
men sjøl om det strengt tatt ikkje er lov å kopiere frå nettet....
det finnes massevis som kan brukes..............

Det finnes og puncher og stanser som klipper fine kanter 
og mønstre. Men sånt kan lånes og kjøpes etterkvart som du ser 
kva du treng. En må ikkje ha alt dette for å komme i gang :)

Eg seier berre hiv dokke uti det, for dette er en flott hobby. 
Du kan holde på åleine eller dele hobbyen med andre :)

Lykke til :)

lørdag 19. februar 2011

torsdag 17. februar 2011

Ett tvillingkort :)

Laga ett tvillingkort for nokre dagar sidan.
No er det overrekt til dei heldige foreldra,
so då kan det bloggast :)

Ett brettekort :)

Har laga ett brettekort :)



Baksida... med 2 skrivefelt.


tirsdag 15. februar 2011

Kort med mini-kakeserviett.

Ett kort, med mini-kakeserviett.


søndag 13. februar 2011

Morsdagskort, ett bokkort :)

Og no kan eg blogge årets morsdagskort,
for no har mamma fått det :)

Eg har laga ei kortbok, veldig artig kort å lage.









og oppi kortet.... litt lakrits ;)))))))

fredag 11. februar 2011

Ett 'funky brettekort' - inspirert av 'Ett trykk' nr 1 2011.

Har laga ett ett 'funky brettekort'.
Fant mal i 'Ett trykk' nr 1 2011 :)

Jenta på kortet er limt på i 3D,
stempel frå Megilo stamps.
Blondekantane er laga med min nyinnkjøpte 



'Made with Love'




 Jenta i 3D.


Skrivefelt bak på kortet :)